Annonse
nordlending.no

Marimekko - mote og design

Lørdag 11. februar kl. 13.00 til 16.00, Bodø kunstforening

Velkommen til åpningen av utstillingen Marimekko – mote og design.
Marimekko sine glade og fargerike tekstilar, mote og accessoirar blir viste i ei stor retrospektiv utstilling. Presentasjonen omfattar eit rikt utval fargesprakande og fantastiske tekstilar, som har vore beundra verda over sidan etableringa i 1951 og fram til i dag.

Marimekko sine kjolar har vore bore av mange berømte kvinner, som f.eks. Jacqueline Kennedy, og interiørtekstilane er blant dei mest populære i etterkrigstida. I 1991 fekk Marimekko ein ny start med relansering av ei rekkje kjende mønster, og ein utvikla nye kolleksjonar som var inspirerte av desse. I tillegg vart Marimekko-branding og Marimekko-livsstil omgrep som gjorde at firmaet fekk eit veritabelt comeback. I dag har firmaet forretningar i meir enn 20 land verda over.

Utstillinga er laga av Designmuseo, Finland, i samarbeid med Nasjonalmuseet, og er åpen fram til 18. mars.

Vist 15 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En deltok Person_gray

Hvor skjer det?